Septik 24
Om selskapet
Septik 24 er eit forpliktande nettverk av fleire miljøbedrifter. Hovudaktiviteten til desse selskapa er innsamling, avvatning og kompostering av slam frå septiktankar og reinseanlegg. Selskapa tilbyr tenester innan slamtømming, mobil avvatning, spyling, sandfangtømming, sluttbehandling og kompostering og administrasjon av tvungen slamtømming. I tillegg disponerar vi supersugarar til innan industri.
www.septik24.no
www.vakumkjempen.no
www.nomek.as
www.norskjordforbedring.no
Bak selskapa står private eigarar med regionalt driftsfokus og engasjement. Arbeidsfellesskapen er organisert under felles profil og tilbyr komplette løysingar på kommunaltekniske tenester til kundar i Norge. Septik 24 AS samordnar aktiviteten og bidreg til utnytting av felles ressursar og infrastruktur, spesielt innanfor teknisk kapasitet, kompetanse, strategi, IT-system og administrasjon.
Nettverk
Septik 24 har følgjande bedrifter i sitt nettverk: Miljøservice as, Johny Birkeland Transport as, Hoston Miljøservice as og Miljøkompost as.
Miljøservice as, Johny Birkeland Transport as og Hoston Miljøservice as er driftsselskap med hovudfokus på innsamling og avvatning av septikslam og administrasjon av tvungen slamtømming med våre kontraktskommunar.
Miljøkompost har hovudfokus på siste ledd i verdikjeda; kompostering, produksjon og omsetning av jordforbetringsprodukt. Miljøkompost as er ein del av Grønn Vekst konseptet. Norsk Jordforbedring as/Solum-gruppen er medeigar i Miljøkompost as og bidrar sterkt til selskapet si utvikling gjennom sin unike kompetanse på området.
Septik 24 er også medeigar i Nomek, ei innovativ mekanisk produksjonsbedrift i Stryn.
Innanfor forretningsområdet renovering har Nomek bygt opp omfattande industriell kompetanse på ombygging og renovering av mobile avvatningsanlegg og slamsugarar. Nomek har saman med Septik24-gruppa utvikla eit unikt avvatningsvogntog som gjennom nye teknologiske løysingar og stor lastekapasitet bidrar til langt betre transport- og miljøøkonomi i bransjen. I tillegg produserer Nomek slamsugarar/slamsugarvogntog og kombinerte suge- og spylebilar med ulik utrustning.
Teknologi
Arbeidsfellesskapen disponerar både slamsugarar, mobil avvatningsteknologi (singel bil/avvatningsvogntog), ADR, krokbil og supersugarar. Sjå demonstrasjon av mobil avvatning prosess her:
www.septik24.no
Løysingar
Septik 24 og tilhøyrande selskap tilbyr kundar totalløysingar for gjennomføring av tvungen slamtøming i Norge. Gjennom sterkt utviklingsfokus på IKT og teknologi har vi skapt konkurransekraft på direkte dataintegrasjon og effektive administrasjonsløysingar, GPS og navigasjon, og ikkje minst på miljøeffektiv innsamlingsteknologi.
Marknad
Ved inngangen til 2008 står Septik 24 og tilknytte selskap for administrasjon og utføring av tvungen slamtøming i over 110 norske kommunar. Internasjonalt er vi i ein tidleg kartleggingsfase i Polen.
Utvikling
Septik 24 koordinerar og står ansvarleg for kontinuerleg utvikling for nettverket. Dette gjeld mellom anna for internasjonal forsking og utvikling. Septik 24 og tilhøyrande selskap ser fram til samarbeid med norske miljøbedrifter og medlemmar i GBN, og håpar spesielt å kunne samarbeide om internasjonal utvikling og potensiale.
Fakta: | Kategori: | Miljø- & Energiteknologi Miljø- & Energirelaterte produkter & tjenester Avfall og gjenvinning Tjenesteleverandører Annet
| | | | | Kontaktperson: | Jan Erik Sandbakk |
| Post adresse: | Stryn Miljøpark, 6783 STRYN |
| Besøksadresse: | Stryn Miljøpark, 6783 STRYN |
| Telefon: | +47 57 87 76 66/+47 90 93 08 03 |
| Telefax: | +47 57 87 66 60 |
| | | | E-post: | janerik@septik24.no |
| Hjemmeside: | http://www.septik24.no |
<< Medlemmer
|